Kortkunstnaren Larsen

Nils Kvamsdal

Knut Larsen (32) gjer seg fyrst ferdig med den verbale kommunikasjonen før han går over til den nonverbale. I klartekst tyder det at han nyttar utbrukte telekort som "pensel" når han målar. Og resultatet er frapperande. Nett no kan du studera bileta hans på Bioform og i Voss Foto og rammeforretning.

-Eg fekk aldri til å måla med pensel. Det vart heilt feil for meg. Men ein dag fall auga på eit telekort som låg på bordet, og ideen slo ned i meg: kvifor ikkje bruka eit slikt kort til å måla med? Og det fungerer.

Spontan
Knut Larsen er ein spontan og intuitiv målar. Han har aldri lært noko om formalia i målarkunsten, men utdanna kunstnarar som har sett bileta hans har vorte imponerte over kor gode dei er.
-Jeg har berre fargar i hovudet når eg tek til. For meg er kommunikasjon det viktigaste, og det du opplever når du ser biletet er like rett og viktig som det eg opplever. Det er impulsar som styrer målinga mi, og inspirasjonen kan koma frå kva som helst.
Larsen er veldig sterk på fargar, og bileta hans er som ein vakker dans i klare, sterke fargar - "pensla" ut i djerve strok, med telekortet.

På Dyrvedalen
Larsen, som eigentleg er Stavangergut, har bak seg eit opphald på Ulvsnesøy. No leigar han hus på Dyrvedalen, og her ynskjer han å bu og måla.
-Fyrste gongen eg kom til Voss, var eg van til det tronge landskapet rundt fjorden ved Vaksdal. Då landskapet opna seg i nedste enden på Vangsvatnet, var det ei sterk oppleving og ein veldig inspirasjon. Hit ville eg attende!

Uvanleg galleri
Om den noko uvanlege ideen med å stilla ut bilete på eit treningssenter som Bioform seier Larsen:
-Me reiste av og til opp hit og bowla. og det var slik eg fekk ideen til å stilla ut bileta mine her. Og kvifor ikkje? spør Larsen, som ikkje ser nokon motsetnad mellom kropsskultur og utstilling av bildande kunst.

Larsen lagar også mange av rammene sine sjølv - dei fleste i metall. Men han har og innleia eit samarbeid med Voss Foto og Rammeforretning, og nokre av bileta hans heng no der. I tillegg har han og nokre bilete i Galleri AK. Det er slett ikkje fyrste gongen Knut Larsen stiller ut bileta sine, og mottakinga har vore god overalt. Og i byrjinga av juni stiller han og sambuaren, som driv med portrett-teikning ut på Bolstad. Sjølv meiner Larsen at kombinasjonen figurative portrett og hans eigne nonfigurative oljemåleri vil gje ei variert og innhaldsrik utstilling.



Hjemmeside I Avis artikkler I Galleri 1 I Galleri 2 I Galleri 3 I E-post
© Copyright Knut Larsen
Webmaster Kirsten Birkeland